Startpage





download musicfile

Kvilesteinen
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





KVILESTEINEN


Her sat dei om søndagen, radla
og såg nedi elva som rann.
Om dyra og folka dei tala,
om makter som livstråden spann.


I

Han Henriksen greidde å fange
eit levande vargbeist ein gong -
med klørne så kvasse og lange,
med tenner som greip lik ei tong.

Først laut han ta kvessinga tå han
på låven tre døgn utan mat.
Då Henriksen gjekk og skull' sjå han,
den vargen i agndungen sat.

Men Henriksen lurte og tenkte:
«Eg sveltar han enno ei stund.»
Og vona i framtida blenkte:
«Så bruker eg vargen til hund!

Når vargen står vakt utfor døra,
då sender han fanten på flukt.
Ein tjuvradd som då vil oss røra,
ho-ho, du, han skal vel få tukt!»

Slik Henriksen legg sine planar
og går fram til vargen sin då.
Men au! Før det minste han anar,
flyg ubeistet fram frå si krå.

Den kampen vart hard så det knaka
i tenner og hender og klør.
Men vargen vart spent så det braka,
og Henriksen smeit seg på dør.

I svala han børsa si henta
og skaut gjennom låv-gluggen fort.
Dei kulene slo dit han venta,
og vargen med dauden gjekk bort.

Slik Henriksen grundig fekk læra
av livet ei styggfarleg stund:
Du aldri så blåøygd må vera
at   v a r g   du vil ala til   h u n d !


II

Så hugsar dei Bjønn-Beret-jenta
som låg attmed mannbjørn i hi.
I heimen dei undrast og venta
i angest for dottera si.

Kvar einaste dagen dei sette
ei mjølkskål til Bjønn-Beret der.
Kva elles ho hadde til mette,
vil ingen få høyre om her.

Ein dag vart det ståhei, kan hende,
for skåla var breiddfull med blod!
Straks Bjønn-Beret heimatt fekk vende,
og glad ho på kjøkenet stod.

For sølvknapp laut mannbjørnen falla,
og gardjenta fridomen fekk.
Men BJØNN-BERET, det vart ho kalla
kvar helst ho i grendene gjekk.


III

Jau, dyra har bygt seg sitt rike.
Dei bur i eit merkeleg land.
Dit inn kan vi knappast få kike
frå steinen vår her attmed strand.

Lemenet er lus ifrå skjorta
som styggmannen rista i haust.
Han skifta på Kjølen; det skorta
slett ikkje på lemen frå aust!

Høyr, kan du ei flaggermus fakke
og stryke kring auget litt blod,
då får du all grunn til å takke;
for   s y n s k   blir du, retteleg god.

Men får du ei ølle i kroppen,
ho smett inn; så ynglar ho der.
Ja, då fell du saman som soppen
om ikkje du ålvaken er.

Skal tru om du visste av dette:
at   f r o s k e n   var menneske før?
Han gjorde vel truleg ei prette
og kraftig vart kasta på dør?

Men når han i sælaste stunder
legg armen kring kjærasten fin,
då kallar han fram i eit under
den menneskelivnaden sin!


IV

I lufta det veiftar av venger,
i graset det strøymer av song.
Kven hugsar vel låtene lenger
av   f u g l a r   vi høyrde ein gong?

Men   k j ø t t m e i s a   sit her og pikkar
på glaset og varslar om død.
Nei, kanskje ho iherdig vrikkar
på stjerten og bed oss om brød?

Når   k a t t u g l a   tutar kring huset
med «Dra ut og kle kvitt» i eitt,
då stampar alt døden i gruset
og gjer det uhyggeleg leitt.

Og sit det ein   h a k k s p e t t   på taket
og pikkar så flisene sprett,
då er du i havet på vraket
der døden eit offer har sett.

Og går du med sjukdom og skjek deg,
og   k r å k a   kjem tre gonger nær,
står døden bak nova og tek deg
kva elles du ønskjer og gjer!

Men   g a u k e n   han blør inni munnen
om nokon vil skaherme han.
Og gjel han før knoppen er runnen,
kjem uåret visseleg, san!

Høyr, veit du at   l o m m e n   har bytta
bort føtter med oksen ein gong?
Og sidan det ikkje har nytta
for lommen å syne seg fjong.

Når   h e i l o a   ropar: «Så-ti!   Så-ti!›
i april ein storvakker dag,
ja, då er det rettaste så-tid
for åkrane slag etter slag.

Høyr,   s t o r s p o v e n   skrik oppi lufta.
Han kappsyng med våren som kjem.
Det veks til ein foss over tufta
så farten blir auka med fem!

Men set han seg varleg i graset,
i fløyta han tonen sin legg;
då gret han av glede i maset
der maken har nylagde egg.


V

At   l u s a   kan vise oss leia,
det har du nok høyrt litt om før.
Men likevel vil vi nok seia:
Ho alltid snur baken mot sør!

Og   k o n g r o a   støtt skal du spara;
ho hemner seg elles så stygt.
Med veven sin greier ho varda
så friaren gjestar deg trygt!



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.